Velkomen til Fotografen Eide!

Til det siste først! Frå og med 16/06 2025 er eg ute i gradert mammaperm så eg har ingen faste opningstider. Eg tek på meg ei begrensa mengde med oppdrag så ver ute i god tid for å avtale tid for fotografering. Eg tek også fortsatt på meg Passbilde, repro av gamle bilder, innramming etc Då også gjeld det å avtale tid i god tid. Send e-post på post@fotografeneide.no eller sms til 91170147 så ser eg i kalenderen min kva eg har høve til.

Så tilbake til meg og historia mi

Eg heiter Kristin, og eg er ein lidenskapeleg fotograf med ei historie som strekkjer seg frå England tilbake til vakre Volda.

I 2004 pakka eg kofferten og reiste til Southampton for å følgje draumen min. Eg studerte Bachelor i fotografi ved Southampton Solent University, og i 2007 vart eg uteksaminert med særs gode skussmål. Denne tida forma meg som fotograf og kunstnar.

Etter å ha kome heim til Noreg, fekk eg raskt jobb hjå Fotograf Furmyr i Fosnavåg. Det var her eg oppdaga min lidenskap for portrettfotografering. Det å fange eit menneske sitt indre på bilete, det var noko som virkeleg gir meg glede.

I 2009 tok eg steget og starta mi eiga verksemd, Fotografen Eide, i Nordfjordeid. Her fekk eg utfalde meg som fotograf, og eg vaks som kunstnar. I 2021, då eg fann den store kjærleiken på Sunnmøre, var det på tide å ta enda eit stort steg. Eg flytta verksemda mi tilbake til heimbygda mi, Volda.

I mine fotografiske prosjekt finn du ofte element av fantasi, eventyr eller ei form for forteljing som danner grunnlaget for bileta mine. Av og til er det ei vage kjensle, andre gonger eit tydeleg narrativ. Mitt mål er å bli endå flinkare til å implementere denne kreative visjonen også i kundebilda mine.

Eg ynskjer å samarbeide tett med mine kundar og kaste ball med kreative idear for å skape det narrativet vi begge ynskjer i bilda. Kvar fotosession er ein sjanse til å skape noko unikt og minnerikt saman.

Eg gler meg til å samarbeide med deg og hjelpe deg med å fange dei viktige augneblinka i livet ditt.

KristinsRGB-776x1024.jpg