About

 
 

Gull PAKKEN :

Denne pakken står ikkje offentleg på mine sider då eg alltid ynskjer å ha med meg ein ein ekstra fotograf på slike oppdrag. Det er kostbart for meg å hyre inn ein ekstra fotograf som eg stoler på kan levere den kvaliteten eg ynskjer å levere i frå meg, difor er dette kun gjort på etterpørsel der eg har fått snakka med brudeparet kva dei eigentleg ser føre seg.

Ei bryllaupsfotografering skal vere eit samarbeid mellom brudeparet og fotograf. Produktet vi sit att med er resultatet av det samarbeidet. For å nå dette er det viktig med god kommunikasjon, at formidling av tanker og ynskjer det å også gå gjennom kva som faktisk er mogleg og kva uventa ting som kan oppstå på den store dagen. Så her ynskjer eg at vi arbeidar saman for å skape planen og produktet i fellesskap.

Pakken inkluderer:

1 planleggingstime/bryllaupssamtale

Forventa god dialog frå begge parter

10 timar samanhengande fotografering

Minimum lett retusjerte høgoppløyselege digitale filer som fotografen vel ut med bruksrett + Tilgang på privat web-galleri for utvejing etterbestillingar i 3 mnd etter publisering.

1 album i 20x20 på 10 sider med Fotografens favoritter. For utbytting av bilder evt legge til bilder må dette skje innan 1 mnd etter sendt forslag, etter det vil albumen bli sendt til trykk som den er og det vil ikkje vere høve å gjere endringar.

1 Bestillingstime bestilling bilder, rammer, gaver m.m innan 3 mnd etter publisering av web-galleri.

kr 39 500,-

( eller kr 29 500,- utan digitale filer, denne pakken inkluderer tilgang på web-galleri som kan brukast til bestilling av bilder)

For fleire timar ut over dei ti timane i pakken koster det 2500kr