Familie

Fotograferinga handlar også om opplevinga så kom med den tanken i sinnet:

Dette skal bli kjekt! Det er ikkje berre ein måte ein kan gjere ei fotografering på. kom Gjerne med eigne synspunkt og idèar, så finn vi ut noko bra i lag. Tenk på om du ynskjer å vere inne, ute, val av bakgrunn og tema?

Ta gjerne med leiker eller andre personlege ting som betyr noko for deg og kan vere fint å ha på bilde. Tenk gjerne over fargeval på klede i førehald til dei private tinga du tek med og i førehald til kvarandre. Ta gjerne med fleire antrekk, så kan vi velje ut saman. Like fargar eller klede som passar saman gjer ofte flyten i bildet betre. Sterke fargar kan gjere seg bra, men det kan også lyse og duse fargar. Fargevalet og klestypen avgjer mykje over kjenslen bildet gjev. Store skrifter og mønster kan bli eit uromoment som stjel merksemda vekk frå personane. Har du eigne idèar som for eksempel ballongar, hobbyar, dyr, 1 åringens første bursdagskake. Med ein liten idè kan vi utrette noko stort saman. Ingenting er for dumt og om du ikkje har ein fulstendig idè men har ein start er det ingenting i vegen for at vi videreutviklar idèen saman. Forbered barnet eller barna på fotograferinga i forkant, gjerne ved å la dei lage ei teikning til meg eller komme innom ein dag i forvegen så dei veit kvar dei skal. Og hugs! Stress og nervøsitet smittar fort over på barna, slapp av og lat oss ha det kjekt! Ved fotografering av konfirmantar er det viktig at konfirmanten også har noko å seie om korleis fotograferinga skal vere. Derfor kan det vere greit å dele opp fotograferinga. Ein del med fine kle som dress, bunad etc, og ein del med vanlege kle. Ein kan gjerne kople fotograferinga med eigne hobbyar og eigne interesser som skateboard, musikk, mote/modell stil. Ved slike idear er det viktig å fortelje om dette på førehand. All fotografering krev ein del planlegging på førehand så gjerne fortel om slike idèar ved timebestillinga. Ved Bryllaupsfotografering er det viktig å ha snakka grundig gjennom kva ynskjer ein har med fotograferinga. Derfor har vi ein samtale før bryllaupet der vi går gjennom ynskjer, spørsmål, rutiner og anna viktig informasjon. Her tek eg taksamd i mot brudeparet sine eigne idèar som eit utgangspunkt i fotograferinga eller enkeltståande idèar for eit einskild bilde. Vi skal gjere mykje moro og ha det gøy. Eit av måla mine er at ein skal kunne så brudeparet sin personlege preg over bilda derfor er kommunikasjon særs viktig.