Pris for fotografering

For fotografering av Baby, Barn, Konfirmant, Familie, Gravid, Akt, Portrett, Venner, Dyr, Truloving, Utdrikningsfotografering, Bodouir m.m. Dette gjeld for 1 timers fotografering i studio for inkludert visningstime og moglegheit for kjøp av album, etterbestillingar og høgoppløyselege filer. Kr 1350,- For fotograferingar som gjerne tek litt lengre tid som nyfødd, Temafotografering, Bli-ny-dag fotografering etc er 1350 for første time deretter 500kr pr påbegynte time. 20% rabatt på etterbestillingar gjordt på første visningstime (gjeld ikkje saman med andre rabattar) *1.Visningstime er visningstimen etter fotograferinga og må vere innan 1 veke etter web-visninga er publisert. På førehand skal du ha fått ein velkomst e-post med brukernamn og passord som skal gje tilgang på web-galleriet. Det er difor særs viktig at e-post adressa er tydeleg og at eg får tilbakemelding om ein slik e-post ikkje er komen.

Etterbestillingar

Vi lager bilda dine i ulike medium som f.eks vanleg foto på luster papir (matt), laminert, touch, touch art, block, lerret, alluminiumsplate, akryl, takkekort, album, bilde øskje, pute, kalender, dørskilt, ringeklokke, glassblokk, klokke, musematte, iPad deksel, mobil deksel, veske, t-skjorte, nøkkelring etc Vi lager bilda etter dine ynskjer men kjem gjerne med råd og idear. Prisane på desse varierer etter storleik og eventuelle andre individuelle ynskjer Ta kontakt for meir informasjon.

Digitale filer

Etter ønske frå ein del av mine kunder, vil eg no tilby moglegheita til å kjøpe høgoppløyselege digitale filer. De kjøper då Bruksretten på bilda men ikkje opphavsretten. Då står du fritt til å velje sjølv kvar du ynskjer å framkalle bilda. Du kan forstørre bilda du ynskjer i så mange eksemplar du sjølv vil. Du kan å lage dine eigne takkekort, invitasjonar, fotobøker, tapet eller andre produkt. Eg vil like vel kunne tilby deg dei samme tenestane som før men då får du 40% rabatt på prisane på etterbestillingsprislista. Pakkar på høgoppløyselege filer

Pakke 1

5 høgoppløyselege digitale filer ferdig redigerte i Svart/Kvitt og Farge Ved 1.visningstime: Kr 4620,- Ordinær pris: Kr 5950.-

Pakke 2

10 høgoppløyselege digitale filer ferdig redigerte i Svart/Kvitt og Farge Ved 1. visningstime: Kr 5860,- Ordinær pris: Kr 7190,-

Pakke 3

20 høgoppløyselege digitale filer ferdig redigerte i Svart/Kvitt og Farge Ved 1. Visningstime: Kr 6980,- Ordinær pris: Kr 8310,-

Pakke 4

Alle filene på webgalleriet (minimum 75*) i høgoppløyselege digitale filer ferdig redigerte i Svart/Kvitt og Farge Ved 1 Visningstime: Kr 9950,- Ordinær pris: Kr 11300,-   Ved kjøp av Høgoppløyselege filer får du 40% rabatt av ordinær pris på alle etterbestillingar av desse filene. Dette gjeld både albumpakkar, og andre etterbestillingar. *1.Visningstime er visningstimen etter fotograferinga og må vere innan 1 veke etter web-visninga er publisert. På førehand skal du ha fått ein velkomst e-post med brukernamn og passord som skal gje tilgang på web-galleriet. Det er difor særs viktig at e-post adressa er tydeleg og at eg får tilbakemelding om ein slik e-post ikkje er komen.