OM FOTOGRAFEN EIDEKONTAKT  -  OPNINGSTIDER

Mitt namn er Kristin Rødven Eide. Eg etablerte firmaet mitt i 2009 i Eid kommune midt i Eidsgata på Nordfjordeid. I oktober 2016 flytta vi til nye og større lokaler på Almenningen 1. Og her stortrivest eg og min nye fotograf i lære, Margunn 🙂  Eg har alltid drive med fotografi som hobby og i 2004 flytta eg til Southampton for å ta Bachelor i fotografi ved Southampton Solent University. Eg vart uteksaminert derifrå i 2007 med særs gode skussmål. Eg gjekk rett i jobb som fotograf hjå Furmyr i Fosnavåg og fann ganske fort ut at eg trives svært godt som portrettfotograf. I 2009 bestemde eg meg for å flytte til fantastiske Nordfjordeid å starte for meg sjølv. Det var verkeleg det riktige for meg, ein større velkomst kunne eg aldri ha drøymd om og ein meir mangfaldig og kreativ stad skal ein leite lenge etter.

Dei store hovudgreinene for bedrifta er bryllaup, konfirmant, barn og baby fotografering, men eg tykkjer det fantastisk kjekt å fotografere andre greiner også. Så i tillegg til portettfotografering har eg også fått gjort ein del private prosjekt og ein del prosjekt med dei kreative sjelene rundt meg; som forsida på Eid inviterer i 2009 magasinet, Personlege prosjekt mellom Det Gylne Snitt, Mona Frisør og det siste prosjektet å få fotografere kleskolleksjonen til Bjørhovde design; Good-Times. Mange av desse prosjekta ligg no her på nettsida under diverse. Her er nettsidene med nokon av dei fantastiske kreative menneska eg har fått jobbe med: